Dødsdom over femten divisjonar

Frå juni 1941 til mai 1945 fekk 284.344 militærpersonar dødsstraff i Sovjetunionen. 157.593 vart skotne. Det svarar til 15 divisjonar. Det er Per Egil Hegge som skriv dette i Dag og Tid 16. mai 2019 med overskrifta «Hadde Sovjetunionen 15 divisjonar til overs?» Kjelda hans er den russiske avisa Novaja Gazeta som, ikkje utan risiko, hadde gravi fram ein avgradert statistikk frå eit juridisk arkiv. Rapporten var ferdig i 1992 og fekk namnet «Den løynde sanninga om krigen» (i norsk omsetjing).

Statistikken tek ikkje med avrettingar som Smersj sto for, og som framleis ligg i KGB-arkiva.

Fleire av dei to hundre og åttifire tusen tre hundre og førtifire  menneska som fekk dødsstraff, vart seinare rehabiliterte. Det galdt mellom anna 458 generalar og admiralar som vart skotne det første krigsåret.

Til samanlikning avretta USA 146 av sine eigne militære, Frankrike 102 og Storbritannia 40, ifølgje rapporten.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s